Første simultanturnering i 2017 blei spelt måndag 23. januar. Også denne gongen var det tett i toppen. Før siste runde leia Bjørn Hauge og Frode Dyrstad saman med Torhild Rasmussen - Reidar Dale. Desse to para møttest i siste runde, ein runde som gjekk i Frode og Bjørn sin favør. Dermed vann dei spelekvelden. Tor Anders Hauge og Elisabeth Over spurta godt til andreplass framfor Torhild og Reidar.

Bjørn og Frode vann sisterunden og dermed spelekvelden, Torhild og Reidar blei nummer tre.
Resultat lokalt
Resultat på landsbasis kjem på denne linken.
Neste måndag er det vanleg speling, men allereie måndagen deretter er det ny simultanturnering.
Vel møtt!